Sommarbrev

Sidan mars har ting rulla jamnt og trutt her i Hordaland. Seriespelet er avslutta, 3vs3 sesongen fekk ein vinnar og sommaravslutningane har vore mange i dei ulike klubbane.

Vi i utviklingsavdelinga har stifta nye bekjentskap med til dømes Alvøen Skole og SFO der vi i tre veker har hatt innebandy med SFO-borna to dagar i veka. Vi har blitt godt motteken av dei tilsette og borna har uttrykt stor glede. Svært gledeleg er det også at fleirtalet av deltakarane har vore jenter. Vi jobbar vidare saman med Alvøen utover hausten/vinteren og skal ha nye SFO-besøk der då.

Vi har også hatt nydelege dagar saman med 1.-7.trinn på Nore Neset Skule, der vi til hausten skal i gong med eit nytt 1.-3.trinn lag. Nore Neset IL er også vårt nyaste tilskot til Hordaland Bandykrets då dei meldte seg inn her tidlegare i vår. Vi gler oss masse til å følge Nore Neset Innebandy til hausten og til å komme i gong med å rekruttere fleire spelarar til deira lag.

Unge Leiarar

I juni arrangerte vi andre samling for unge leiarar i Slåtthaughallen. Her var det duka for ein god dose praksis for deltakarane. Vi brukte noko tid på å snakke om kva eit førebilete er og korleis dei kan stå fram som gode forbilde for born og unge. Deretter var det tid for å gå gjennom oppgåva frå første samling der ein skulle ha klar ei økt eller minst nokre øvingar og gå gjennom desse som at ein var trenar for eit lag. Fleire fekk prøve seg og vi hadde gode diskusjonar kring kvifor bruke øvingane, korleis gjere dei meir utfordrande og korleis forenkle. Vi snakka også om korleis ulike øvingar kan ha små endringar for å gjere til at ein øver på noko anna enn ein først hadde tenkt. Her utfordra vi ungdomen på å gi positive, men også konstruktive tilbakemeldingar til kvarandre. Etter at dei unge lovande hadde vore i elden var det tid for litt dømer og instruksjon frå instruktørane på kurset. Vi håpar at dette er noko dei skal ta med seg ut i eigen klubb, til lag dei trener, men også ei forbereding til oppgåver fleire av dei skal gjennomføre med oss i tida framover.

Fleire av dei unge leiarane har også før sommarferien vore ute på oppdrag. To stykk har fått delta på kick-off saman med Flaktveit IK sine nye første klassingar. Her fekk dei utfordra seg på å halde ei kort økt som viser fram dei beste sidene av idretten. Gutane som var med her gjorde ein god innsats og vil få fortsette sin praksis med ei ny kick-off økt saman i August.

To andre har delteke på SFO-besøk på Fridalen skule, for å rekruttere til vår sommerferiecamp. Her var det to gode timar med praksis der jentene på kort tid utvikla seg stort. Frå stille og forsiktig til autoritær og sjølvsikker. Svært gledeleg å sjå at det skal små korreksjonar og små erfaringar til for at dei unge leiarane veks stort.

Ein av vore unge leiarar skal bruke delar av ferien på å vere instruktør på ulike aktivitetar hos Trane SK og vil få utvikle seg meir her.

Vi er svært glad for at dei aller fleste ungdomane får erfaring og får bruke det vi prøver å formidle på samling. Neste samling vil vere i Oktober og vi ser fram til å høyre om erfaringane dei har gjort seg gjennom aktiviteten dei har leia denne sommaren. Utover hausten vil dei også få tilbod om å ta Trener 1 kurs som Hordaland Bandykrets arrangerar i September.

Sommerferiecamp

Vi har hatt SFO-besøk på ulike skular i nærleiken av Landåshallen for å rekruttere til sommarferiecamp for 1.-4.trinn. Campen gjekk av stabelen 21. – 23.juni. Den veka fekk tre av våre unge leiarar teste ut det dei hadde lært i praksis, dei bestod med glans. Benedikte Lysaker, Sander Linde og Bjørn Emberland starta første dag litt spente og stille, men med stødige instruksjonar tross alt, og gjennom veka tok dei meir og meir tak og vart tryggare og tryggare i sin leiarstil. Det er ingen tvil om at framtida til innebandyen i Bergen er stor når vi ser nivået på våre leiarar. Vi gler oss til å vere med på å utvikle desse og resten av gruppa vidare. Neste camp blir forhåpentlegvis i same hall i haustferien, informasjon angående denne vil komme etterkvart, følg med på Facebook og Instagram.

Sesongen 23/24

Me har jobba mykje med å lage planen for kommande sesong. Denne utviklar vi etter møter med klubbane samt kvar vi sjølv ser moglegheiter. Vi er her for klubbane og kan komme inn og hjelpe med rekruttering til nye og eksisterande lag. Vi tar gjerne nye møter og diskusjonar med klubbane for å sjå kvar vi kan utvikle oss og laga i kretsen vidare. Ta kontakt på telefon eller mail med oss som er tilsett i utviklingsavdelinga eller kretsstyret.

I August skal vi bidra på Flaktveit IK sine sommercampar, desse går av stabelen i veke 32 og 33, tre dagar for 3.-4.trinn, samt tre dagar for 5.-6.trinn, her er det fortsatt mogleg å melde seg på. Her vil vi ha med etablerte instruktørar som har stor erfaring med skulebesøk og camp, men også ein av våre unge leiarar skal bidra under den første campen. Trykk HER for å melde deg på eller lese meir om desse campane.

Vi vil også, vedsidan av seriespel for dei etablerte spelarane i kretsen, kommande sesong arrangere 3vs3 Challenge, første runde vil vere på Vitalitetsenteret den 24.september, med Djerv som arrangørklubb. Meir informasjon både om sesongen og den runda kjem i løpet av August månad.

Ein av vore unge leiarar skal bruke delar av ferien på å vere instruktør på ulike aktivitetar hos Trane SK og vil få utvikle seg meir her.